Statsråd Tung til verdas største mobilkongress

Mobilbransjen frå heile verda samlast i Barcelona neste veke. Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung deltek og møter mellom andre leiarar i dei store mobilselskapa og SpaceX.

Mobile World Congress (MWC) er ei årleg utstilling og kongress for mobiltelefonibransjen der operatørar, utstyrsleverandørar og dei som leverer innhald møtest for å dele siste nytt. I fjor samla dei gigantiske messehallane i Barcelona 2400 utstillarar og fekk nærare 90.000 besøkande.

- Det er lærerikt og inspirerande å delta på Mobile Wold Congress. Besøket vil gi god innsikt i korleis avansert mobilkommunikasjonsteknologi kan brukast til nytte for folk og samfunn, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Statsråden har eit tett program dei to dagane ho er i Barcelona. På det store messområdet får statsråden sjå det siste innan mobilteknologi. På møter med leiarar i Telenor, Telia, Lyse/Ice og SpaceX blir mellom anna sikre og robuste nett og tenester, kommunikasjonsløysingar for beredskap og dei verdiskapande eigenskapane til 5G tema.

Doreen Bogdan-Martin er generalsekretær i Den internasjonale telekommunikasjonsunionen (ITU) og vil leie ein større rundebordsdiskusjon om kvinner si deltaking i og posisjonar i IT-bransjen der den norske statsråden også deltek.

Tung deltek dessutan på eit seminar i regi av Telenor der temaet er tryggleik i ekomnetta ut frå eit nordisk perspektiv. Blant deltakarane er også den finske transport- og kommunikasjonsministeren Lulu Ranne.

Kontakt: DFDs pressetelefon: 22 24 20 00 eller presse@dfd.dep.no