Presseinvitasjon

Justis- og beredskapsminister til Oslo politidistrikt

Monica Mæland (H) vitjar i morgon, onsdag 23. september, Oslo politidistrikt. Kampen mot vald mot kvinner og barn er jobb nummer éin for Mæland. Under besøket ynskjer ho å vite meir om kriminalitetsutfordringane i hovudstaden, og korleis distriktet jobbar med vald i nære relasjonar. I tillegg vil justisministeren få informasjon om politidistriktet og førebyggjande politiarbeid.

Når: Onsdag 22. september

Klokka 09.00-11.30: Møte med politimesteren og politiorganisasjonar.

Statsråden er tilgjengeleg for media per telefon, i etterkant av møtet.  

For intervjuavtaler, ta kontakt med:  

Politisk rådgjevar Kristoffer Aardal Hanssen, 45429730 

Kommunikasjonssjef Trude Larstad, 93667742