Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Krigsgravplassane på Tjøtta vert gjenopna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Statssekretær Bård Folke Fredriksen opnar torsdag 27. oktober Tjøtta sovjetiske og Tjøtta internasjonale krigsgravplassar.

Gjenopninga markerer at opprustinga av krigsgravplassane er ferdig etter sju års arbeid. 

Falstadsenteret har gjennomført eit forskingsprosjekt og funne 4000 nye namn på gravlagde krigsfangar. Det er sett opp nye bronseplater med namn på dei gravlagde. Gravplassane i Alstahaug kommune er merkte og opprusta. Til saman er det brukt om lag 10 millionar kroner på dette arbeidet. 

Program

11.30 Velkomsthelsing v/Per-Otto Gullaksen, Kulturdepartementet

11.35 Tale og kransenedlegging ved statssekretær i Kulturdepartementet Bård Folke Fredriksen

11.45 Kulturelt innslag ved Kulturskolen

11.55 Tale og kransenedlegging ved Russlands chargé d'affaires Svetlana Ozhegova og kransenedlegging ved Ms Meruyert Yermekova frå Kazakhstan

Trompetsignal

12.05 Kulturelt innslag v/Kulturskolen

12.10 Prosesjon til Riegel-kyrkjegarden

12.15 Kransenedlegging ved Russlands chargé d'affaires Svetlana Ozhegova