Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon: Kultur- og likestillingsministeren presenterer ytterlegare tiltak til kultur, idrett og frivillig verksemd

Kulturdepartementet inviterer fredag 29. mai kl. 12:30 til pressekonferanse der kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja vil presentere ei ny utviding av kompensasjonsordningane og andre tiltak retta mot museum, kunstnarar og scenekunstinstitusjonar.

Nett-tv Kultur- og likestillingsministeren presenterer ytterlegare tiltak til kultur, idrett og frivillig verksemd

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Oppmøte: Fredag 29. mai kl. 12.15. Ta med gyldig ID.
Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59.

Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av koronaviruset. Departementa og SMK har også innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum. Ved stort oppmøte, kan presse bli nøydde til å følgje pressekonferansen digitalt.

Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og kan følgast direkte på www.regjeringa.no

Videofila kan også lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. Ta kontakt på 22248845 eller [email protected]

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på eigne nettsider, kan bruke følgjande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div>
<script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sj3v8j2m/wowza.js' type='text/javascript'></script>

 

Til toppen