Presseinvitasjon: Kultur- og likestillingsministeren presenterer nysalderinga av kulturbudsjettet for 2020

Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja vil presentere Kulturdepartementet sitt framlegg til endringar i samband med nysalderinga av statsbudsjettet 2020 fredag 20. november. Dette vil omfatte fleire framlegg til tilleggsløyvingar og endringar i støtteordningane for kultursektoren i 2020.

Tid: Fredag 20. november kl. 1200
Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59, Oslo

På grunn av smittevernomsyn er det avgrensa antal plassar. Vi ber alle som er interesserte i å delta om å melde seg med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan fredag 20. november kl. 10.00.

Pressekonferansen vil bli strømma.

Det vil bli utarbeidd ei deltakarliste som vil bli brukt til eventuell smittesporing. Lista vil bli sletta etter 14 dagar.

Nett-tv Kultur- og likestillingsministeren presenterer nysalderinga av kulturbudsjettet for 2020

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her