Presseinvitasjon:

Kunnskapsministeren får rapport om folkehøgskulane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

For første gong på 20 år har eit utval vurdert heile folkehøgskulesektoren. Folkehøgskulane speler ei viktig rolle i utdanningssystemet, men det er lite kunnskap om innhaldet og kvaliteten i folkehøgskulane og om elevane som går der.

Nett-tv Overlevering av rapport om folkehøyskoler

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Måndag 31. oktober kl. 14.00 – 14.45.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.

Rode Margrete Hegstad er utvalsleiar. Ho vil presentere, og overrekke rapporten til kunnskapsministeren.

Utvalet har mellom anna sett på:

  • kva som er samfunnsmandatet til folkehøgskulane
  • korleis folkehøgskulane kan bli meir mangfaldige og eit reelt tilbod til alle. Unge med innvandrarbakgrunn og unge med foreldre med låg inntekt og låg utdanning, er underrepresentert på folkehøgskulane i dag.
  • kva som kjenneteiknar god fagleg kvalitet i folkehøgskulane
  • kva prinsipp som bør ligge til grunn for eventuell vekst i folkehøgskulesektoren

Måndag 31. oktober, får kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) overlevert utgreiinga med forslag til tiltak.

Journalistar som vil kome kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald, hanne.roald@kd.dep.no, tlf. 98 66 07 37. Oppmøte før kl. 13.50. Hugs gyldig ID.