Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Mæland til Bergen for å lansere såkornfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Fredag 24. mars lanserer næringsministeren eit nytt såkornfond i Bergen.

- Fondet er landsdekkande, men eg trur det vil få stor betyding for kunnskapsbaserte nyetableringar i Bergen. Slike fond investerer i hovudsak i området der dei er lokalisert. Det veit vi basert på tidlegare erfaringar, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Det er Sarsia Seed som skal forvalte det nye såkornfondet. Såkornfondet skal investere i helse og fornybar energi, og digitale løysningar i desse sektorane.  

Lanseringa kjem som følge av at fondet nå har klart å samle inn over 150 millionar kroner i privat investeringskapital, som var minstemålet for å etablere fondet. Staten deltek også med 150 millionar kroner, slik at fondet samla sett er på 300 millionar kroner.

Fakta om Såkornfond

  • Eit samarbeid mellom staten, profesjonelle forvaltarar og investorar om å tilby kapital og kompetanse til unge innovative bedrifter.
  • Det er oppretta såkornfond i Oslo, Trondheim og Kristiansand/Skien (eit fond med delt lokalisering).
  • Såkornfond er ei ordning Innovasjon Norge forvaltar på vegne av staten.   

Kva/Kor: Det blir snorklipping hos Sparebanken Vest (ein av dei største investorane) i Jonsvollsgaten 2 i Bergen

Når: Fredag 24. mars kl. 14.00-15.00.