Presseinvitasjon: Presentasjon av forsking om partnerdrap i Noreg

Forskingsrapporten «Partnerdrap i Norge 1990 til 2012» blir overlevert til justis- og beredskapsminister Anders Anundsen torsdag 3. desember.

Forskinga inkluderer 177 drapssaker, og er gjennomførd av Kompetansesenter for fengsels-, sikkerhets- og rettspsykiatri ved Oslo universitetssykehus. Studien er leia av Solveig Karin Bø Vatnar.

Rapporten presenterer resultata frå eit av forskingsprosjekta i regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Pressa er velkomen.

Tid: Torsdag 3. desember klokka 10.00

Stad: Justis- og beredskapsdepartementet, Gullhaug Torg 4A, Nydalen

Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgjevar Tonje Torsgard, mobil 95 96 10 67