Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Røe Isaksen til Østfold

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker bedrifter i Fredrikstad, Halden og Sarpsborg torsdag 17. januar. Pressa er velkommen til å delta på heile besøket.

Tema for besøket er mellom anna regjeringa sin inkluderingsdugnad og internasjonal handel. Næringsministeren deltek også på Østfoldkonferansen.

- Altfor mange står utanfor arbeidslivet i Noreg. Dette er menneske som kan og vil bidra. Om fleire kjem inn i arbeidslivet, kan det bidra til auka samla verdiskaping. I Østfold bidrar fleire bedrifter til å inkludere folk med nedsett funksjonsevne eller «hull i CV-en» i arbeidslivet. Eg skal besøke nokre av desse bedriftene for å lære meir om kva dei gjer for å lykkast med inkludering i arbeidslivet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

- Frihandelsavtalar er viktigare enn nokon gong. Avtalane opnar opp marknadar og betrar konkurranseforholda for norske verksemder. Nexans i Halden er ei spennande bedrift som har vunne store kontraktar med til dømes Filippinene og Indonesia, land me nyleg har forhandla fram frihandelsavtaler med. Dette er noko Nexans vil nyte godt av, seier næringsministeren.

Næringsministeren deltek også på ei markering av starten på prosjektet «Inspiria Charge Court - framtidas ladeløysing for elbiler i Østfold». Røe Isaksen skal leggje ned ein «grunnstein» for prosjektet på parkeringsplassen som skal byggast om frå vanleg parkering til Europas smartaste elbil ladeløysing. Deretter vil statsråden besøke Inspiria og møte lærarar og elevar.

Program torsdag 17. januar

-       08.15 Besøk hos Quality Hotel (Fredrikstad)
-       09.45 Besøk hos Nexans Norway AS (Halden)
-       11.00 Besøk hos Inspiria science center (Sarpsborg)
-       13.00 Østfoldkonferansen (innlegg ca. kl. 13.20) (Sarpsborg)
-       14.15 Besøk hos Thermocold Kfd AS (Sarpsborg)

Regiondirektør Nina Solli i NHO Viken Oslo deltek også på bedriftsbesøka.

Alle besøk er opne for pressa. Det kan komme endringar på tidspunkt i programmet, ta kontakt med pressekontakt for siste oppdateringar. 

Pressekontaktar:

For næringsministeren: Kommunikasjonssjef Trond Viken, 99218330, tvi@nfd.dep.no
For Østfoldkonferansen: Kommunikasjonsrådgivar Pål Vikesland: 99270951, paalbv@ostfoldfk.no
For Nexans: Kommunikasjonsdirektør Trude Larstad, 93667742, trude.larstad@nexans.com
For Quality Hotel Fredrikstad: Daglig leder Sabina Widenqvist, 96884040

For Thermocold: Daglig leiar Frode Jacobsen, 69102400, frode@thermocold.no
For Inspiria: Kommunikasjonsansvarlig Therese Lande Patrick, 97654595, therese.patrick@inspiria.no

Til toppen