Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Slik kan staten og næringslivet gå saman om å løyse dei store transportutfordringane – regjeringa får ekspertråd 10. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Forskingsrådet leia eit arbeid med å finne ut kva innsats og samarbeid som må til for at forsking, utvikling og innovasjon kan bidra til å løyse framtidas største transportutfordringar.

Rapporten frå dette arbeidet blir presentert og overrekt statssekretær i Samferdselsdepartementet Allan Ellingsen.

Tid: Tysdag 10. desember kl. 13.00.

Sted: Ruters kundesenter på Oslo S (tidlegare Trafikanten). Bruk inngangen til Ruter S – sjå vedlagte illustrasjon:

Grunnlaget for rapporten er ein såkalla 21-prosess. Her har representantar frå næringsliv, kunnskapsmiljø og myndigheitar vore samla i ei strategigruppe, leia av  Bernt Reitan Jenssen, til daglig leiar i kollektivselskapet Ruter.

Statssekretæren og medlemmer av strategigruppa er tilgjengeleg for intervju etter overrekkinga. Det er sett av ein time til pressetreffet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar i Samferdselsdepartementet Tor Livius Midtbø: 90 60 69 19.

For meir informasjon, sjå pressemelding av 18. februar 2019