Presseinvitasjon: Statssekretær Birgitte Jordahl til Bodø

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Birgitte Jordahl, kjem til Bodø 19. januar.

Ho skal blant anna gjeste Bankgata ungdomsskole, som er mottaksskole for flyktningar, og delta på lanseringa av eit nytt nasjonalt digitalt verktøy for samarbeid mellom skole og arbeidsliv. 

Kl. 12:00-13:00 - Møte på Bankgata ungdomsskole for å høyre på erfaringane dei har gjort seg som mottaksskole for flyktningar.
Stad: Bankgata 26, Bodø.

Kl. 15:15 - Lansering av nasjonalt digitalt verktøy for samarbeid mellom skole og arbeidsliv, som blant anna skal gjere det enklare å skaffe læreplass.
Stad: Fylkeshuset, Prinsens gate 100, Bodø. 

Kontakt: Det vil bli høve til intervju med statssekretæren etter avtale med kommunikasjonsrådgivar Martin B. Andersson. Mobil: 99 36 31 18. E-post: martin-b.andersson@kd.dep.no.