Historisk arkiv

Prisane på korn er på veg opp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisane på korn og proteinvarer på verdsmarknaden gjekk opp i april, etter å ha falle jamt gjennom heile 2015–2016. Soyabønner og soyamjøl har hatt den største prisauken, saman med andre proteinråvarer som solsikke og raps.

Kveiteprisane har auka mindre enn proteinråvarene, og det er fortsatt mykje korn tilgjengeleg etter den gode hausten i fjor. I Europa sit mange bønder framleis med korn på lager, og prisane kan falle meir mot slutten av sesongen. Samstundes ligg forholda til rette for høge avlingar i 2016. Haustkornet har hatt ein god vinter, og bøndene er no midt i våronna.

Sein vår i Noreg

Bøndene legg no grunnlaget for kornhausten 2016. I Noreg ventar mange framleis med å starte såinga, mellom anna på grunn av mykje regn på Austlandet. Det meste av haustkornet har hatt gode forhold i vinter, sjølv om det nokon stader kan være nødvendig å så på nytt.

Korn.
Det er fortsatt mykje korn tilgjengeleg etter den gode hausten i fjor. Foto: Torbjørn Tandberg