Regjeringa deler ut 15 millionar til lokale fritidskasser

100 kommunar får i dag tildelt til saman 15 millionar kroner til lokale fritidskasser. Gjennom fritidskassene kan barn og unge frå familiar med låge inntekter få dekt utgifter til fritidsaktivitetar.

Regjeringa vedtok i revidert nasjonalbudsjett å løyve 15 millionar kroner ekstra til lokale fritidskasser gjennom ein eigen midlertidig tilskotsordning. Det er midlane frå denne ordninga som i dag blir delt ut.

- Midlane vil bidra til å dekke kontingentane til mange barn og unge som i dag ikkje har råd til å delta. Gjennom fritidskassene kan enda fleire barn bli inkludert i fritidsaktivitetar og få vere med på lik linje med andre barn, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Kommunane som har fått midlar skal opprette ei fritidskasse til å dekke kostnader forbundet med deltaking i faste, organiserte fritidsaktivitetar og organisere fritidskassen i samarbeid med frivilligheiten. 

- Regjeringa jobbar for at barn og unge ikkje sluttar med fritidsaktivitetar fordi foreldra deira har dårleg råd. Den høge prisveksten rammar dei med lågast inntekt hardast. Desse midlane kan bidra til at fleire barn i låginntektsfamiliar kan få dekt utgiftene dei har til akkurat dette, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). 

Det har vore stor interesse for tilskotsordninga. Over halvparten av kommunane/bydelane som har søkt om støtte har blitt tildelt tilskot. Bufdir har prioritert å løyve midlar til kommunane som har høgast tal på barn i låginntekt.

Oversikt over alle tildelingane