Samferdselsdepartementet legg opp til at slettinga av bompengegjelda skal gjerast innan 31. januar 2020.

- Vi har satt av pengane. No ventar vi på tilbakemelding frå Eksportvegen AS og vedtak om tilslutning frå Møre og Romsdal fylkeskommune som er lånegarantist. Så snart dette er på plass stoppar innkrevjinga av bompengar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Som ein del av regjeringspartias bompengeavtale blir det i 2020 løyva 1,4 milliardar kroner til å redusere bompengetakstar utanfor byområda. Dette er ei auke på om lag 870 millionar kroner frå 2019. 175 millionar kroner av desse midlane går altså no til Vågstrandstunnelen.

Vedlagt er brevet frå Statens vegvesen til Eksportvegen AS.