Betre foreldrepermisjon

Regjeringa forlenger permisjonsordninga for dei som vel 80 prosent foreldrepengar.

– I dag foreslår regjeringa eit nytt grep som gjer at foreldre i permisjon får betre råd og meir fleksibilitet. Enkelte foreldre tek i dag ut ulønt permisjon fordi dei ikkje har barnehageplass når dei treng det. Andre opplever at dei ikkje får nok tid saman med ungen, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). 

Med dagens ordning får foreldre som vel 80 prosent foreldrepengar i 59 veker mindre samla utbetaling enn foreldre som vel 100 prosent i 49 veker. No legg regjeringa fram eit lovforslag til Stortinget som vil likestille desse to alternativa ved å gjere samla stønadsutbetaling tilnærma lik, uavhengig av kompensasjonsgrad, ved å auke permisjonsordninga med 80 prosent foreldrepengar frå 59 til 61 veker.

– Vi ønskjer at foreldrepermisjonen skal vere raus, og mindre komplisert. Omlegginga vil gi meir tid for barnefamiliane i småbarnsperioden. Lengre lønna permisjon er bra for både barn og foreldre, og vil også legge betre til rette for amming i tråd med helsefaglege råd, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Regjeringa har sidan 2021 styrkt barnetrygda med 5 472 kroner i året for barn over seks år og 1344 kroner i året for barn under seks år, i samråd med SV.

– Regjeringas mål er at folk skal få betre råd. Seinare i år reduserer vi barnehageprisen frå 3000 til 2000 kroner i månaden, og vi gjer deltidsplass på skulefritidsordninga gratis også på 3. trinn, seier Støre.

Regjeringa legg opp til at lovendringa skal gjelde for dei som blir foreldre frå og med 1. juli 2024.

Bilde av mor og barn og Toppe og Støre.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe og statsminister Jonas Gahr Støre, sammen med Linn Knudsen og datteren Helena. Foto: Foto: Barne- og familiedepartementet