Regjeringa lanserer ny strategi for økt forskingsinnsats i næringslivet

Tysdag 30. april kjem næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) til Trondheim for å lansere den nye strategien for auka investeringar i forsking og utvikling i næringslivet. Her møter dei representantar frå forsking og næringsliv, og får prøve ut autonome fartøy i havnebassenget.

  • Tid:  april kl. 10-11.15 (oppmøte kl.09.45)
  • Stad: Maritime Robotics, Brattørkaia 11, Trondheim

Regjeringa har sett eit ambisiøst mål om at innan 2030 skal Noreg bruke tre prosent av BNP på forsking og utvikling (FoU). Målet er at to av dei tre prosentane må kome frå næringslivet. Sjølv om investeringane i FoU i næringslivet har auka det siste tiåret, er Noreg framleis langt unna dette målet. Noreg ligg òg under OECD-snittet og bak våre nordiske naboar.

No legg regjeringa fram sin strategi for korleis Noreg skal få næringslivet til å auke investeringane i FoU. Lanseringa skjer hos Maritime Robotics i Trondheim, som er ein leiande leverandør av avansert autonom teknologi for maritime operasjonar.

Program: 10-11.15

Presentasjon av Strategi for å øke næringslivets investeringer i forskning og utvikling

  • Næringsminister Cecilie Myrseth
  • Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel

Korleis bygge suksessrike partnarskap mellom kunnskap og næringsliv?

  • Eirik Hovstein, Gründer og Vice President, Defence & Security, Maritime Robotics
  • Bjørn Jalving, Chief Technology Officer, Kongsberg Maritime 
  • Tor Grande, rektor ved NTNU
  • Alexandra Bech Gjørv, konsernsjef i SINTEF

Presentasjon av autonome fartøy i havnebassenget

Maritime Robotics viser fram sin teknologi som er levert til nesten 200 farkostar verda over. Her vil statsrådane få sjå og operere teknologi som i dag blir brukt til å trygge havområde i Ukraina, redusere klimautslipp knytt til krillfiske i Arktis, samt gi forskarar betre forståing av dei store hava på ein ny og miljøvennleg måte.

Det blir òg demonstrasjon av ein av Kongsberg Maritime sitt testfartøy Ocean Space Lab, som blir nytta til forsking og utvikling av nye system for navigasjon.

Studentutstilling, kaffi og kake

Til slutt blir det mingling, kaffi og kake i lokala til Maritime Robotics. Her viser studentar frå Institutt for Design på NTNU fram arbeidet med undervass- og overflatedronar som dei har gjort i samarbeid med Maritime Robotics.

Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue statsrådane og representantane for næringsliv og forskingsinstitusjonar.

Kontaktperson for spørsmål og påmelding: kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Johanne Severinsen 91114868 eller e-post: jose@kd.dep.no 

Kontaktperson for næringsministeren, David Tvetene, senior kommunikasjonsrådgivar i Nærings- og fiskeridepartementet, david.tvetene@nfd.dep.no, 47272679