Regjeringa set ned ekspertgruppe for barn i fattige familiar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Ei ny ekspertgruppe skal sjå på kva som fungerer for å gi barn som veks opp i fattigdom betre levekår og kva som førebyggjer at fattigdom går i arv.

- Regjeringa set ned denne ekspertgruppa fordi vi ser at det er behov for å finne ut kva for tiltak vi bør prioritere i åra som kjem. Det er naudsynt med ein god og treffsikker politikk som både bidrar til å betre oppvekstvilkåra til barn som veks opp i fattige familiar på kort sikt og førebyggjer at fattigdom går i arv på lengre sikt, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Medlemmane av ekspertgruppa vil bli kjent over sommaren. Planen er at arbeidet skal starte opp til hausten, og at gruppa skal få om lag eit år på å levere si utgreiing.

- Det blir i dag nytta store ressursar på å motverke fattigdom blant barnefamiliar og dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i ein fattig familie. Dei høge tala tyder likevel på at det vi gjer i dag ikkje treffer godt nok, seier Toppe.

Statsråden viser til at det over ein lengre periode har vore ei auke i talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Dei nyaste tala frå 2020 viser at talet framleis er høgt.

- Eg har derfor vurdert at det er behov for å setje ned ei ekspertgruppe som kan gi regjeringa råd om kva tiltak som bør prioriterast i åra som kjem, seier barne- og familieministeren.