Regjeringa vil forby søskenbarnekteskap

Forbodet vil gjelde ekteskap mellom nære slektningar. Det omfattar ekteskap mellom søskenbarn, onkel eller tante, og niese eller nevø.

– Grunngjevinga for forbodet er å unngå helseskadar hos barn. Eit forbod kan òg motverke tvangsekteskap. Retten til å inngå ekteskap og retten til familieliv er sentrale menneskerettar. Departementa har derfor gjort grundige vurderingar opp mot menneskerettslege forpliktingar og EØS-retten, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

I 2020 fremma Ap, Sp og FrP på Stortinget eit oppmodningsvedtak om å leggje fram eit slikt lovforslag, som regjeringspartia no har fulgt opp.

– I Noreg skal folk leve trygge, gode liv. Forbod mot søskenbarnekteskap er eit viktig tiltak for å motverke tvangsekteskap, negativ sosial kontroll og kulturelle praksiser som gjer at kvinner og barn lever ufrie liv. Politiet er blant dei som har gitt støtte til eit slikt forbod, noko vi legg vekt på, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Vil hindre omgåing

– For å hindre omgåing av eit forbod, føreslår regjeringa at ekteskap mellom nære slektningar inngått etter utanlandsk rett ikkje blir anerkjent i Noreg, dersom ein av partane har tilknyting til Noreg når ekteskapet blir inngått, seier Toppe.

Det blir foreslått ein unntaksregel, slik at ein kan søke om dispensasjon dersom det er sterke grunnar for å gjere unntak.

Fakta om forslaget:

  • Forslaget inneber at norske borgarar eller tredjelandsborgarar busett i Noreg, ikkje kan omgå forbodet ved å dra til utlandet.
  • Forslaget om forbod mot anerkjenning i tilknytingstilfelle betyr at ekteskapet ikkje vil få verknad i Noreg, sjølv om det er gyldig inngått i eit anna land. Ekteskapet vil då reknast som gyldig i landet der det vart inngått, men ikkje i Noreg.
  • Det at ekteskapet blir utan verknad i Noreg betyr til dømes at ein søskenbarnektefelle som bur i eit anna land, ikkje vil få rett til familieinnvandring på grunnlag av ekteskapet.
  • Døme på tilfelle som ikkje blir anerkjent, er der ein norsk borgar eller ein tredjelandsborgar som er busett i Noreg, giftar seg i utlandet med eit søskenbarn som ikkje er ein EØS-borgar.
  • For å handle i samsvar med EØS-retten blir enkelte unntak foreslått. Døme på tilfelle som i utgangspunktet blir anerkjent for å sikre samsvar med EØS-retten:
  • Ekteskap med eit søskenbarn som ein EØS-borgar har inngått før han eller ho flyttar til Noreg, eller inngår i utlandet medan han eller ho er busett i Noreg.
  • Dersom ein norsk borgar i lengre tid oppheld seg i eit anna EØS-land og giftar seg med eit søskenbarn, kan dette etter ei konkret vurdering også bli anerkjent for å sikre samsvar med EØS-retten.
  • Ekteskap mellom søskenbarn som ikkje har nokon tilknyting til Noreg når dei giftar seg, men som kjem hit til landet når dei allereie er gift, vil bli anerkjent. Deira ekteskap har ikkje vore omfatta av norsk rett, og dei har ikkje omgått det norske forbodet.