Innspelsmøte

Regjeringa vurderer aldersgrense i sosiale medium

I dag er det 13 års-aldersgrense i sosiale medium, men mange følgjer ikkje denne grensa. Verken barn eller dei vaksne. Derfor vil regjeringa sjå om det er mogleg å ha ein aldersgrense som fungerer.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap)  under innspelsmøte om aldersgrense i sosiale medium.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) fekk innspel til arbeidet med aldersgrense i sosiale medium frå forskarar, organisasjonar og andre aktørar. Foto: Martin Siewartz Nielsen

– Eg er bekymra for at så mange unge barn nyttar sosiale medium, og for at dei ikkje er gamle nok til å forstå konsekvensane av det dei gjer på nett og det innhaldet dei møter der. Vi ønskjer at barn og unge skal ha det trygt når dei er på nett, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Saman med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) fekk ho sist veke innspel til arbeidet frå forskarar, organisasjonar og andre aktørar.

– Sosiale medium har òg positive sider. Barn har rett til å ytre seg, kommunisere, søke informasjon og utforske eigen identitet. Det er viktig å få belyst saka frå ulike sider for å vurdere korleis ei aldersgrense eventuelt kan innrettast og kva som trengs av andre tiltak, seier Toppe.

På innspelsmøtet deltok mange ulike aktørar, og regjeringa fekk innspel frå mellom anna foreldre, sosiale medium-plattformar, teknologibransjen, offentlege etatar, sivilsamfunnet og frå barn og unge sjølve.

Konsekvensar av skjermbruk

Regjeringa vil vite meir om konsekvensane av barn si skjermbruk på mellom anna psykisk helse, søvn og læring, og har satt ned eit utval som skal gi ei samanstilling av kunnskapsgrunnlaget og komme med forslag til tiltak knytt til barn og unge sin skjermbruk. Skjermbrukutvalet skal levere sin rapport i slutten av 2024.

– Eg er uroa over den totale skjermbruken blant barn og unge, og kva konsekvensar det har for læring i skulen og barns psykiske helse. Eg trur det er viktig at ungane våre får vere saman utan ein skjerm mellom seg – at dei ser kvarandre inn i auga og faktisk er saman, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Regjeringa arbeider òg med ein stortingsmelding om barn og unge sin digitale oppvekst. Meldinga Trygg digital oppvekst skal leggast fram i løpet av hausten 2024 og skal bidra til ein heilskapleg politikk på feltet. Meldinga skal sjå på både moglegheiter og utfordringar knytt til den digitale kvardagen barn og unge lever i.