Ringeriksbanen: Regjeringa legg til rette for ein raskare avgjerdsprosess

- Regjeringa er opptatt av rask framdrift i planlegginga av Ringeriksbanen. Regjeringa føreslår difor å oppheve stortingsvedtaket frå 2002 om å planleggje med utgangspunkt i ein trasé over Åsa i Buskerud. Opphevinga vil leggje til rette for ein raskare avgjerdsprosess i saka, fordi ei eventuell formell planlegging kan byrje utan eige framlegg for Stortinget, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Stortinget har behandla Ringeriksbanen fleire gonger. I 2002 vedtok Stortinget at den vidare planlegginga av ny jernbaneline mellom Sandvika og Hønefoss skulle ta utgangspunkt i korridoren over Åsa i Buskerud. I 2007 bad eit stortingsfleirtal om at ein trasé over Kroksund i Buskerud blei vurdert på nytt.

Statens vegvesen og Jernbaneverket tilrådde tidligare i år at vidare planlegging av E16 og Ringeriksbanen bør ta utgangspunkt i ein felles trasé over Kroksund i staden for Åsa-alternativet.

Bunden av tidlegare vedtak i Stortinget
Ei avgjerd om å starte planlegging av Ringeriksbanen etter Plan- og bygningslova er bunden av tidlegare vedtak i Stortinget om traséval. Ved å oppheve Åsa-alternativet opnar ein for å arbeide raskt vidare med Kroksund-traseen.   

Det er normalt regjeringa som tek stilling til overordna traséval for ulike veg- og banestrekningar. For å få gjennomført ein raskast mogleg planprosess, vil det vere teneleg om regjeringa, slik det er vanleg i denne typen saker, tek endeleg stilling til det overordna trasévalet.

Vidare framdrift
Ringeriksbanen mellom Sandvika og Hønefoss er eit svært stort prosjekt. Tilrådingane frå Statens vegvesen og Jernbaneverket er no til kvalitetssikring eksternt . Kvalitetssikringa er venta å vere ferdig i juni 2015. Deretter tek regjeringa sikte på å behandle saka, inkludert spørsmålet om trasé over Åsa eller Kroksund.

For fleire opplysningar – sjå: