Samefolkets dag 6. februar 2017– helsing frå landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Samefolkets dag er ein stor dag der vi feirar samane og det samiske. I år er eg med på å markere dagen på Tråante 2017 i Trondheim. Det er ei feiring av 100-årsjubileet for samane sitt første landsmøte i Trondheim. Under eit slikt jubileum har reindrifta og reinkjøtet ein naturleg plass. I ein stor lavvo på torget midt i hjartet av Trondheim, kan publikum møte produsentar av reinkjøt og reinkjøtprodukt, samt duodjiutøvarar med handverk i samisk tradisjon.

Reindrifta er unik  og har mange fortrinn. Etterspurnaden etter reinkjøt er god, og den aukar. Dette har ein positiv innverknad  på produsentprisen. Det er interessant å merke seg at det er blant dei unge at forbruket av reinkjøt aukar mest. 

Den positive utviklinga i reindrifta  har vore knytt til produktutvikling, produktpresentasjon, emballasje og kvalitet. Sjølv om det har skjedd mykje positiv utvikling i heile verdikjeda frå vidde til bord, har reindrifta framleis eit betydeleg verdiskapingspotensial. Framover vil det vere sentralt å leggje til rette for at reindrifta får moglegheit til å realisere dette potensialet. Det handlar om utvikling av levedyktige verksemder, bygd på eigen solid kunnskap og erfaring, og som leverer kvalitetsprodukt som marknaden etterspør. 

Dagens situasjon gir gode høve til verdiauke. Eg er svært oppteken av at dette skal skje gjennom ein større produksjon av reinkjøt. Når reintalet no i dei fleste områda er på eit berekraftig nivå, ligg det godt til rette for dette. Når vi nyttar dette høvet, vil det vidareutvikle ei næring som er viktig for heile Noreg.

Gratulerer med dagen!

Det samiske flagget.
FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
  
  
FNs bærekraftsmål 

FN sine 17 berekraftsmål fram mot 2030 vart vedtekne av Høynivåforumet for bærekraftig utvikling under FNs Generalforsamling i september 2015. Måla er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Som eitt av dei første landa skal Noreg rapportere til FN om korleis vi følgjer opp berekraftsmåla. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FN sitt berekraftsmål nr 2: Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremja berekraftig landbruk.