Samferdselsministeren til Kirkenes 6. desember for å høyre om moglegheitar og utfordringar i regionen

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøker Kirkenes tysdag 6. desember. Han skal delta på eit seminar om konseptvalutgreiinga (KVU) for transportløysingar i Nord-Norge, før han drar på synfaring av Kirkenes hamn og Strømmen bru.

KVU for transportløysingar i Nord-Norge er eit stort arbeid som ser nærmare på heile transportsystemet i Nord-Norge. Det skal tidlegare ikkje ha vore gjennomført ei tilsvarande utgreiing, som omfatter eit så stort område og alle transportformene. Statens vegvesen leiar og koordinerer utgreiinga i samarbeid med Jernbanedirektoratet, Kystverket og Avinor.

– Denne regjeringa meiner nordområda er Noregs viktigaste strategiske satsningsområde, og ønsker å utvikle desse områda vidare. KVU-en blir eit viktig grunnlag for arbeidet i åra som kjem. Eg gler meg til å møte og lytte til alle dei interessante folka som har ei aksje i dette arbeidet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

På seminaret skal ein rekke aktørar og involverte halde innlegg om kva for moglegheitar og utfordringar dei ser i regionen.

Program

Kl. 08:00: Seminar på Thon Hotel Kirkenes.
Dei som ønsker å delta må melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: hj@sd.dep.no.
Det vil òg vere mogleg å lytte inn på Teams: Trykk her.

Kl. 13:00: Befaring på Kirkenes hamn, etterfulgt av befaring av Strømmen bru.
Pressen er invitert til å delta. For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: hj@sd.dep.no

Kontaktperson for turen: Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: 976 28 091 / hj@sd.dep.no.

På seminaret deltek representantar frå følgande aktørar:

Statens vegvesen
KVU Nord-Norge
KVU Nord-Norgebanen
Statsforvalteren i Nordland
Statsforvalteren i Troms og Finnmark
Troms og Finnmark fylkeskommune
Politimesteren i Finnmark
Forsvarets operative hovedkvarter
Reinbeitedistrikt 5A/C Pasvik
Center for High North Logistics
Vest-Finnmark Rådet
Øst-Finnmarkrådet
Hasvik kommune
Nordkapp kommune
Vadsø kommune
Lebesby kommune
Gamvik kommune
Tana kommune
Sør-Varanger kommune
Kirkenes næringsforening