Samferdselsministeren til Moss, Fredrikstad og Vestby tysdag 22. mars

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård skal på turen 22. mars mellom anna synfare jernbaneprosjektet i Moss, besøke Asko på Vestby og møte ordførar og næringsliv i Fredrikstad om jernbane. Pressa er invitert til å delta.

Program:

Kl. 11.00: Orientering om InterCity-prosjektet Sandbukta – Moss – Såstad og riksveg 19 i Moss. Synfaring i regi av Bane NOR av kvikkleireutsett del av jernbanetraseen i Moss sentrum. 
Oppmøtestad: Moss jernbanestasjon, Jernbanegata, Moss.

Kl. 12.30: Møte med Minibuss 24-7 og drosjesentralane i Fredrikstad og Sarpsborg om mellom anna marknadssituasjonen for buss- og drosjeselskap. I tillegg blir det ein rundtur i lokala til Minibuss 24-7.
Oppmøtestad: Dikeveien 50, Rolvsøy.

Kl. 13.30: Møte med ordførar og næringslivsaktørar i Fredrikstad om bandlegging av areal til jernbane. 
Oppmøtestad: Inngangspartiet til Fredrikstad rådhus i Nygaardsgata 14

Kl. 15.15: Møte med Asko om varetransport og logistikk, og synfaring av kjølelager for matvarer.
Oppmøtestad: Asko Sentrallager Kjøl AS, Deliveien 49, Vestby.

Journalistar og fotografar som vil delta på delar av programmet, kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen: 90511667/ ean@sd.dep.no.

Kontaktperson for samferdselsminister Nygård på sjølve turen 22. mars er kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen: 48032792/ sms@sd.dep.no