Satsar på nye lærarar, forsking og samisk i Nord-Noreg

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett meir pengar til ettergiving av studielån for lærarar i Finnmark, Troms og Nordland. Regjeringa vil også auke løyvinga til samiskspråklege barnehagar, forsking i Bodø og opplæring på Andøya om verdsrommet.

Satsingane i Nord-Noreg kjem i revidert nasjonalbudsjett som regjeringa legg fram i dag.

– Vi skaper morgondagens jobbar gjennom satsing på kunnskap og forsking. Vi vil ha ein skole der elevane lærer enda meir av dyktige lærarar, og ein utdannings- og forskingssektor i verdsklasse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

Lærarar i nord får 20 000 kvart år

Regjeringa foreslår å innføre to nye ordningar som skal aukedelen av lærarane i skolen som er kvalifiserte, og gjere det meir attraktivt å bli lærar. 

–  Dette er eit strakstiltak. I Nord-Noreg er  betydeleg fleire av lærarane ufaglærde enn i resten av landet. Derfor tar vi grep for å få fleire kvalifiserte lærarar i regionen. Dyktige lærarar er det som har mest å seie for kor mykje elevane lærer, seier Røe Isaksen.   

Den eine ordninga er eit strakstiltak for Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms. Med denne ordninga kan kvalifiserte grunnskolelærarar få sletta 20 000 kroner av studielånet kvart år dei arbeidar i ein skole i regionen. Det kjem i tillegg til den summen alle yrkesaktive i tiltakssona har får ettergitt. Dermed vil kvalifiserte lærarar kunne få inntil 45 000 kroner av studielånet sletta per år. Ordninga skal vare fram til 2022. 

Får dekt halve studielånet

Den andre ordninga vil dekke opptil 160 000 kroner av studielånet til nye lærarar, tilsvarande halve lånet. Ordninga skal gjelde for dei som byrjar på lærarutdanninga hausten 2017 eller seinare, og som jobbar som lærar i minst tre år etter at dei er ferdige med utdanninga. Ordninga vil gje mest til dei som jobbar i Nordland, Troms eller Finnmark etter at dei har fullført.

Regjeringa foreslår ei tredelt ordning: 

1)     Studentar som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid, vil få sletta om lag 50 000 kroner.

2)     Studentar som tar lærarutdanning for 1.-7.trinn på normert tid, vil i tillegg få sletta om lag 55 000 kroner.

3)     Studentar som fullfører femårig lærarutdanning og tar jobb i Nordland, Troms eller Finnmark, får i tillegg sletta om lag 55 000 kroner.

– Vi håper fleire vil bli lærarar. Særleg treng vi mange dyktige lærarar til dei yngste elevane. Som lærar i 1. til 7. klasse hjelper du elevane med å knekke lese- og reknekoden. Du er også med på å forme framtida deira, seier Røe Isaksen. 

Meir opplæring på Andøya om verdsrommet

Regjeringa vil også auke løyvinga til Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) på Andøya med 6,6 millionar kroner. Dermed får senteret til saman 15 millionar kroner i 2017. 

– Senteret er ein viktig aktør i satsingane regjeringa har på realfag, på verdsrommet og på nordområda. Meir aktivitet ved NAROM vil gje ny framtidsretta kunnskap og fleire arbeidsplassar, seier Røe Isaksen. 

Meir forsking i Bodø

Regjeringa vil også auke løyvinga til Nord universitet med 4 millionar kroner.

– Vi vil styrke Nordområdesenterets arbeid med forsking, utdanning og formidling. Gjennom arbeidet sitt bidrar senteret til innovasjon og nyskaping i regionen, seier Røe Isaksen.
 
Regjeringas satsing på Nordområdesenteret starta i 2015 da det ble innlemma i universitetet. Frå 2016 fekk universitetet 5,1 millionar kroner årleg til senteret. 

Styrker samisk språk

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til samiskspråklege barnehagar med 5 millionar kroner i 2017.

– Vi må ta vare på og utvikle samisk språk og kultur. Derfor aukar vi løyvinga til dei samiskspråklege barnehagane. Barnehagane er viktige for å få fleire til å tale samisk, seier kunnskapsministeren.