Seminar om arbeid mot rasisme og diskriminering

Torsdag 15. mars inviterer statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner og Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter vinnarane av Benjaminprisen til utveksling av erfaringar. Regjeringa ønsker å lære av erfaringane skolane har fått i arbeidet mot rasisme og diskriminering.

Tid: Torsdag 15. mars kl. 09.00-15.00

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo. Inngang frå Riddervoldsgate 2.

Kontaktpersonar:

Kommunikasjonsrådgivar SMK, Maria Korkunc tlf. 98093663, maria.korkunc@smk.dep.no

Kommunikasjonsrådgivar KD, Dino Prohic tlf.92225224, dino.prohic@kd.dep.no

Informasjonsleiar HL-senteret, Stein Bjørnbekk tlf. 46818699,   s.h.bjornbekk@hlsenteret.no

Vi ber om at presssa registrerer seg på førehand til dino.prohic@kd.dep.no. Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID.

Til saman er det 16 barne-, ungdoms- og vidaregåande skolar som har fått Benjaminprisen mellom 2002 og 2017. På samlinga 15. mars deltar 14 av skolane.

 

Program:

Kl. 09.00-12.00 Utveksling av erfaringar mellom vinnarane av Benjaminprisen.

Kl. 12.00-13.00 Erna Solberg møter elevar til samtale.

Kort pressemøte etterpå.

Kl. 13.00-15.00 Jan Tore Sanner møter Benjaminprisens vinnarskolar til utveksling av erfaringar.

Konferansier er direktør for HL-senteret, Guri Hjeltnes.