Semje om ny reindriftsavtale på 123,1 millionar kroner

Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL) og Staten er samde om ny reindriftsavtale for perioden 01.07.2018 - 30.06.2019. Avtalen har ei total ramme på 123,1 millionar kroner. Dette er ei auke på 4,5 millionar frå gjeldande avtale.

– Det har vore krevjande forhandlingar og eg er glad for at det nå er semje om ein ny reindriftsavtale, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Reindriftsavtalen for 2018/2019 vidarefører linene i Meld. St. nr. 32 Reindrift. Lang tradisjon – unike muligheter. Avtalen styrker den økologiske berekrafta i reindriftsnæringa. Den auka pengebruken inneber mellom anna at tilskotsordningane som styrker produksjon og omsetning har blitt prioritert, og at det blir lagt til rette for dei reineigarane som har reindrift som hovudnæring.

– Eg er svært nøgd med at avtalepartane blei samde om å prioritere å auke driftstilskotet til ungdom, seier landbruks- og matministeren. Dette skal stimulere ungdom til å satse på reindrift. Næringa treng at dyktige unge reindriftsutøvarar tek aktivt del i den daglege drifta, seier Dale.

Avtalepartane har også blitt samdee om ein auke av tilskotet til reinbeitedistrikta. Noko av auken er øyremerkt til distrikta sitt arbeid med å styrke satsinga på HMS.

– Reindriftsnæringa har mange alvorlige ulukker, og det er naudsynt å auke satsinga på HMS-arbeidet i næringa. Nå går staten inn med økonomisk støtte og næringa må syne at dei aktivt arbeider for å få ned talet på ulykker, seier Dale.

Rein på høst beite.
Foto: Tom Gustavsen/Markesdutvalget for reinkjøtt

Auken i distriktsmidla skal også støtte opp om arbeidet med å utvikle drifta i ei berekraftig retning og auka beredskap knytt til dyrevelferd under vanskelege beiteforhold.

– Med denne avtalen er det lagt til rette for ei positiv utvikling av reindriftsnæringa ved å auke inntektsmoglegheitene, både frå kjøttproduksjon og tilleggsnæringar. Det er også naudsynt å satse på beredskap, ikkje minst som følgje av dei krevjande vinterbeiteforholda vi har sett dei siste åra, seier Anne Marie Glosli, som er Statens forhandlingsleiar.

Til toppen