Historisk arkiv

Norsk deltaking på Sino-Norwegian Music Week for Youth i Shanghai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Denne veka, frå 7. til 13. november 2009, vert Sino-Norwegian Music Week in Shanghai arrangert for tredje gong. Støtta av Utanriksdepartementet, sender Rikskonsertane tre norske band til Kina: Baga Bo Pooh, Albatrosh og Nihau Shanghai.

Albatrosh og Andreas Paleologos. Foto: Lars Opstad, RikskonserteneDenne veka, frå 7. til 13. november 2009, vert Sino-Norwegian Music Week in Shanghai arrangert for tredje gong.  Støtta av Utanriksdepartementet, sender Rikskonsertane tre norske band til Kina: Baga Bo Pooh, Albatrosh og Nihau Shanghai.

 

Ein del av Kina sin største festival

The Sino-Norwegian Music Week er ein del av Kina sin største festival, Shanghai International Arts Festival. Festivalen har ei brei rekkje av kulturarrangement som varar ein heil månad. Målet er ikkje mindre enn å presentere det beste innan kultur i verda, promotere kinesisk kunst, fremje kinesisk og utanlandsk kulturutveksling, og å betre den kulturelle marknaden.

 

Dei norske artistane er overvelda etter den første dagen med konsertar på Sino-Norwegian Music Week for Youth i Shanghai. –Vi fekk eit skikkeleg kick av skulekonsertane i dag, seier ein opprømt Eyolf Dale, medlem av den norske jazz-duoen Albatrosh. - Vi gir to konsertar kvar dag, totalt 14, seier Eyolf Dale. – I dag opplevde vi utruleg engasjerte elevar, så vi ser verkeleg fram til dei neste dagane med konsertar!, seier han.

 

Vil utvide

Etter tre vellukka år med Sino-Norwegian Music Week, ønskjer Rikskonsertene no å utvide prosjektet. - Dette prosjektet er eineståande fordi det tilbyr konsertar spesielt tilrettelagde for barn og unge. Det har fungert så bra at vi har lyst til å kunne tilby slike skulekonsertar også til elevar i byane Guangzhou og Beijing. Det seier leiar for Rikskonsertene Utland, Tom Gravlie.

 

Inspirerande

Eyolf Dale i Albatrosh seier Kina-besøket og møtet med dei ivrige elevane er viktig for arbeidet til jazz-duoen i tida som kjem. - Det er utruleg inspirerande, og det kjennest som om det kan bli musikk av desse møta!

 

Fakta om dei norske artistane:

*Albatrosh er ein prisvinnande duo som består av dei to unge jazz-musikarane André Roligheten på saksofon og  Eyolf Dale på piano. Dei har med seg den visuelle multikunstnaren Andreas Paleologos.

*Baga Bo Pooh er ei gruppe på tre jazz-musikarar (Olav Dale, Per Jørgensen, Helge Lilletvedt). Eit viktig fokus for gruppa på skulekonsertane er å involvere elevane i den kreative prosessen med å lage musikk.

*Nihau Shanghai betyr Hallo, Shanghai, og består av to norske og to kinesiske musikarar som møttest i Shanghai i 2007. (Caroline Eidsten Dahl, Chen Xiaodong, Xie Yu Dan, Kenneth Ekornes). Etter skulekonsert-turnear i Norge, er gruppa no i Shanghai.

 

Les og høyr meir:
www.rikskonsertene.no

www.artsbird.com

www.myspace.com/albatrosh