Historisk arkiv

Slik er jorda i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

For første gang har forskarar samla og lagt fram ei oversikt over jorda i Noreg. I ti år har kartleggjarar frå NIBIO gjort undersøkingar i heile landet, for å kunne fortelje oss meir om eigenskapane til jorda i landet vårt.

– Endeleg har vi fått ein nasjonal statistikk som viser jordas eigenskapar rundt i landet vårt. Kartlegginga gir verdfull informasjon for å meine noko om matberedskap og føresetnadane for auka matproduksjon på nasjonalt nivå, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Rapporten er også eit godt styringsverktøy når det gjeld omdisponering av dyrka jord, seier Dale.

Vakkert kornlandskap under marin grense i Nes, Romerike.
Vakkert kornlandskap under marin grense i Nes, Romerike. Foto: Eirik Røseid

Dale legg til at kunnskap om jorda i Noreg kjem til nytte i utforminga av regional og nasjonal landbruks- og matpolitikk. Rapporten «Jordsmonnstatistikk Norge» er basert på eit omfattande feltarbeid i perioden 2006-2016. Slike nasjonale jordsmonndata kan brukast i overordna agronomisk planlegging og i arealprosessar, og i risikovurderingar knytt til klima og miljø.  Statikken om matjorda i Noreg er eit estimat basert på at utvalde område i landet er undersøkt i felt. Statistikken gir eit representativt bilete av heile landet, fordi mange nok flater er valt ut i ulike regionar.

NIBIO sine forskarar peker på at jordaareala er delt inn i tre klassar, svært god, god og mindre god jordkvalitet. Dei stadfestar at det sentrale Austlandet, Jæren og areal langs Trondheimfjorden har den beste jorda i Noreg. Desse områda eignar seg godt for produksjon av mange ulike vekstar. Det skuldast ein kombinasjon av jordeigenskaper og klima. Vestlandet og Nord-Noreg kjem dårlegast ut når det gjeld jordkvalitet.  Rapporten tek òg for seg jordas evne til å frakte vekk overflødig vatn, og jordas innhald av organisk materiale som har innverknad på fysiske, kjemiske og biologiske tilhøve i jorda.

Jordkvalitet

Jordkvalitet
Foto: NIBIO

Dreneringstilhøve

Dreneringsfohold
Foto: NIBIO

Organisk materiale

Organisk materiale
Foto: NIBIO