Statsministeren til Slovakia

Statsminister Erna Solberg besøkjer Bratislava 23. august, i samband med at Slovakia tok over EU-formannskapet frå 1. juli.

Statsministeren skal ha politiske samtalar med statsminister Robert Fico, besøkje Tomra sitt produksjons- og distribusjonsanlegg, samt eit krisesenter for kvinner i Slovakia som har fått EØS-midlar gjennom eit EØS-program om vald i nære relasjonar.

Presse som ønskjer å delta på besøka i Bratislava må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.