Historisk arkiv

Solberg tok med seg norske ekspertar til Reykjavik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Onsdag møtte statsminister Erna Solberg dei fem norske ekspertane ho har invitert med seg til Northern Future Forum (NFF) i Reykjavik.

NFF blei initiert av Storbritannias statsminister David Cameron i 2011. Han ynskte å samle ekspertar frå næringsliv og akademia frå nordeuropeiske land. Hovudformålet er å dele gode idear om mellom anna konkurransekraft, økonomisk vekst og berekraft. Sidan har NFF vorte arrangert i eit nytt land kvart år. Deltakarkrinsen for NFF er Storbritannia, dei nordiske og baltiske landa. 

Dei ni statsministrane inviterer med seg fem nasjonale ekspertar på dei aktuelle områda. Av dei 45 deltakande ekspertane gjer arrangøren eit utval som får halde korte presentasjonar i arbeidsgrupper som også statsministrane deltek i.

Statsminister Erna Solberg har i år med seg følgjande fem norske ekspertar som skal halde innlegg og bidra i diskusjonar på Reykjavik: Hans Christian Holte, skattedirektør, Petter Ole Jakobsen, Chief Technical Officer i Vizrt, Astrid Skreosen, grunnleggjar og direktør i ASAP-Norway, Odd Sverre Østlie, president i Viju Group og Signe Aarhus, grunnleggjar og direktør i Oleana.

Statsminister Erna Solberg tok med seg norske ekspertar til Reykjavik
Statsminister Erna Solberg tok med seg norske ekspertar til Nordic Future Forum i Reykjavik denne veka. Foto: Statsministerens kontor