Solhjell utnemnd som direktør i Norad for ein ny periode på seks år

Bård Vegar Solhjell held fram som Norad-direktør i eit åremål på seks år. Han vart utnemnd i statsråd i dag.

Solhjell vart første gong utnemnd som direktør for Norad i 2020, og vil no halde fram i stillinga i eit nytt åremål ut 2029. Direktøren for Norad har ansvar for den faglege og administrative leiinga av direktoratet.

– Det er ei stor ære å få fornya tillit til eit så viktig oppdrag, og eg vil takke Regjeringa for tilliten, seier Bård Vegar Solhjell.

– Eg gratulerer Solhjell med ein ny periode som leiar for eit svært spennande direktorat som speler ei nøkkelrolle i gjennomføringa av norsk utanriks- og utviklingspolitikk, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.