Historisk arkiv

Sølv til Noreg i Bocuse d'Or

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer Christopher W. Davidsen frå Rogaland med sølv i Bocuse d'Or.

Norske Christopher W. Davidsen tok sølv i kokkemeisterskapet Bocuse d’Or onsdag kveld. Noreg har frå før fleire gull i konkurransen. Christopher W. Davidsen og hans team, commis Håvar Werkland og coach Gunnar Hvarnes som trener, vann i går kveld det uoffisielle verdsmesterskapet i kokkekunst, Bocuse d’Or. Noreg konkurrerte mot totalt 23 andre nasjonar. Bressekylling, skaldyr og ein 100 prosent vegetabilsk rett sto på menyen. 

Sølv menye. Foto: Bocuse d'Or Norge

Landbruks- og matminister Dale sendte i går kveld ein gratulasjon til Christopher W. Davidsen på Facebook, der han framheva at Noreg er ein matnasjon.

- Eg er stolt over å se at vi har kokkar som utpeiker seg i verdsklasse. Davidsen har gjort eit mesterstykkje og er ein framifrå representant og inspirator for kokkemiljøet i Noreg. Her ligg det godt handverk bak, både frå kokken og teamet hans, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.    

Foto: Fredrik Ringe/Bocuse d'Or Norge

Bocuse d’Or og Bocuse d'Or Norge

For å kunne representere Norge i Bocuse d’Or, arrangerer Bocuse d’Or Norge Årets Kokk. Herifrå kvalifiserast representantar til EM og VM. Det uoffisielle verdsmeisterskapet i Lyon ble første gong arrangert i 1987, og har blitt arrangert annakvart år sidan da. 24 deltakarar konkurrerer, og kvalifiserer seg gjennom regionale konkurranser på forhånd. Noreg har tidlegere teke gull i Bocuse d’Or Lyon fem gonger og er nest beste nasjon etter Frankrike med fem gull, tre sølv og to bronsemedaljar. Tidlegare gullvinnarar er Bent Stiansen (1993), Terje Ness (1999), Charles Tjessem (2003), Geir Skeie (2009) og Ørjan Johannesen (2015). Landbruks- og matdepartementet bidreg til å finansiere Bocuse d’Or Norge.