Historisk arkiv

9. desember startar norsk-indisk forskningssamarbeid i kampen mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsministeren og utenriksministeren markerer fredag 9. desember starten på eit historisk norsk-indisk forskningssamarbeid om antibiotikaresistens. Leiande forskningsmiljø i India og Noreg skal no samarbeide i kampen mot ein av dei største truslane mot folkehelsa.

Den norske regjeringa gir 40 millioner kroner til ordninga. Utlysinga vert kunngjort samtidig i Noreg og India 9. desember. Det vert stilt krav om at norske og indiske fag- og forskningsmiljø skal samarbeide om søknad og gjennomføring av prosjekta.

Når: Fredag 9. desember kl. 12.15-13.00

Kvar: Rikshospitalet, Sognsvannsveien 20, oppmøte ved hovedinngang, Mikrobiologen i B2 - 3. etasje.  

Program: 

  • Direktør ved Forskningsrådet Arvid Hallén innleiar om forskningssamarbeidet.
  • Helse- og omsorgsminister Bent Høie om kampen mot antibiotikaresistens og det norsk-indiske samarbeidet.
  • Utenriksminister Børge Brende om det globale helsesamarbeidet
  • Professor Tone Tønjum om kvifor norsk-indisk forskningssamarbeid er viktig i kampen mot antibiotikaresistens.

Pressa er velkomen til å delta.

Statsrådane og dei andre deltakarane er tilgjengeleg for kommentarar frå pressa etter programmet.