Statsminister Solberg besøkte Luxembourg

Statsminister Erna Solberg besøkte Luxembourg 2. juli, der ho møtte den luxembourgske statsministeren, storhertugen og parlamentspresidenten.

Luxembourg overtok EU-formannskapet etter Latvia 1. juli 2015. Å etablere ein god dialog med det nye EU-formannskapet er eit viktig verkemiddel i regjeringas europapolitikk,

 - Noreg og Luxembourg deler felles interesser både i Europa og internasjonalt. Vi er begge avhengige av ein vel fungerande indre marknad, seier statsminister Erna Solberg. 

 I samtalane med statsminister Bettel sto aktuelle EU-saker og internasjonale spørsmål, herunder den økonomiske krisa i Hellas og flyktningsituasjonen i Middelhavet på dagsordenen. Eit besøk til EFTA-domstolen sto også på programmet.