Statsministerens program 14.- 17. august 2021

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 14. august
Kl. 10.45: Statsminister Erna Solberg deltek på opninga av Høgres valkamp i Lillestrøm. Adresse: Lillestrøm torv.

Kl. 12.15: Statsministeren deltek på opninga av Høgres valkamp i Oslo. Adresse: Spikersuppa.

Kl. 14.15: Statsministeren står på Høgres stand i Drammen. Adresse: Bragernes torg.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på opninga av Høgres valkamp i Sandefjord. Adresse: Hvaltorget, Storgata.

Kl. 18.15: Statsministeren deltek på Telemark Høgres kick-off i Porsgrunn. Adresse: Storgata 174D.

Søndag 15. august
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg, justisminister Monica Mæland og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad legg fram den fyrste nasjonale strategien for å kjempe mot internettrelaterte overgrep mot barn. Sjå meir i eigen presseinvitasjon.

Adresse: Kristiansand politihus, Tollbodgata 45, Kristiansand.

Kl. 14.15: Statsministeren møter Morrow og andre relevante aktørar for å høyre om planar, utfordringar og framdrift i arbeidet med batterifabrikken. Adresse: Clarion Hotel Tyholmen, Teaterplassen 2, Arendal.

Kl. 21.20: Statsministeren deltek i statsministerduell på TV2.

Pressekontakt er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Måndag 16. august
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg har eit foredrag om norsk økonomi med tittelen Skape meir og inkludere fleire. Presse som vil høyre på, må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan søndag 15. august kl. 18.00. Adresse: Clarion Hotel Tyholmen, Teaterplassen 2, Arendal.

Måndagen er det oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 10.45. Me har avgrensa tal på plassar og kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang, vil ikkje alle kunne kome inn. 

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på Høgres time i Arendalsveka. Adresse: Valscena på Kanalplassen.

Kl. 21.20: Statsministeren deltek i partileiardebatt på NRK.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.

Tysdag 17. august
Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg deltek på fyrste skuledag på Breivik oppvekstsenter og tar imot fyrsteklassingane saman med leiinga ved skulen. Adresse: Chrystiesgate 11, 3950 Brevik.

Kl. 12.00: Statsministeren et lunsj på Sitt Ned Kafé i Skien. Kafeen er ein del av attføringsbedrifta Grep Grenland AS. Statsministeren vil møte fleire tilsette i Grep Grenland. Adresse: Telemarksgata 10, 3724 Skien.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 15.05: Statsministeren møter lærlingar og tilsette hos Bertel O. Steen i Moss. Adresse: Rygge storsenter, Ryggeveien 83, 1526 Moss.

Kl. 16.50: Statsministeren vil lage middag saman med Fru Timian, som har starta si eiga bedrift i Rakkestad. Fru Timian vil snakke om sine erfaringar som gründer. Adresse: Liensgården, Storgata 3, 1890 Rakkestad

Pressekontaktar er politisk rådgivar Jenny Clemet von Tetzschner, telefon 91 88 01 64, e-post jct@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Torsdag 19. august
Regjeringa har invitert krigsveteraner og tidsvitne frå andre verdskrig til ein lunsj på Operaen i Oslo. H.M. Kongen, H.K.H. Kronprinsen og prinsesse Astrid, fru Ferner, vil vere til stades saman med representantar frå det offisielle Noreg. Lunsjen skjer i år fordi fjorårets 75-års markering blei utsett på grunn av koronapandemien.

Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg er vert for lunsjen og vil ta imot gjestene utanfor Operaen frå kl. 10.00. Oppmøte for pressa: Seinast kl. 09.45.

Meir informasjon og opplegg for akkreditering blir publisert på nettsidene til Forsvarsdepartementet måndag.