Statsministerens program veke 11

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2018 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell frå tysdag 14. mars til og med torsdag 16. mars.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Torsdag 9. mars – søndag 12. mars
Statsminister Erna Solberg deltek på Høgres landsmøte. Stad: Thon Hotel Oslo Airport, Gardermoen. Sjå fleire detaljar på nettsidene til Høgre.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886, og politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Tysdag 14. mars – torsdag 16. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2018 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell frå tysdag 14. mars til og med torsdag 16. mars. I samband med at konferansen startar vil det bli ei kort presseorientering og fellesfoto av regjeringa. 

Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 13. mars kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og godkjent id.

Foreløpig timeplan 14. mars:

Statsrådane møter opp frå kl. 09.00.

Kl. 09.20: Pressemøte med statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen.

Kl. 09.45: Fellesfoto av regjeringa.

Deretter blir det høve til å fotografere ved oppstarten av budsjettkonferansen (kun for fotografar). Fotografane blir følgde ut etter at statsministeren har ønskt velkommen.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Torsdag 16. mars
Kl. 16.00: Statsministeren taler på årskonferansen til Norsk olje og gass på Gamle museet i Oslo (Dronningensgate 4 Kvadraturen). 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Fredag 17. mars
Kl. 18.00: Statsminister held årets Christian Michelsen-forelesing i Universitetsaulaen i Bergen (Muséplass 1). 

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Laurdag 18. mars
Kl. 12.20: Statsministeren er til stades på verdscupavslutninga i skiskyting i Holmenkollen. 

Kl. 17.50: Statsministeren taler på JesusKvinners konferanse «JK Nordisk 2017» i Oslo Kongressenter.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Søndag 19. mars
Kl. 14.00: Statsministeren er til stades under finalen i Raw Air skiflyvning i Vikersund. 

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.