Statsministerens program veke 17

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 25. april

Kl. 14.55: Statsministeren besøkjer Kleppheimen i Klepp kommune, som har ei satsing på måltid og ernæring. Adresse: Prestevegen 12, Kleppe.

Kl. 15.50: Statsministeren besøkjer den interkommunale stiftinga Gründerarena Jæren. Adresse: Forum Jæren, Hetlandsgata 9, Bryne.

Kl. 17.05: Statsministeren besøkjer familiebedrifta Stangeland Mølle. Adresse: Oalsgata 37, Sandnes.

Kl. 17.30: Statsministeren besøkjer droneteknologibedrifta Nordic Unmanned, som har omskolert langtids arbeidsledige frå oljeindustrien. Adresse: Rådhusgata 3, Sandnes.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Onsdag 26. april

Kl. 09.45: Statsministeren deler ut Sareptaprisen, og deltek i ein paneldebatt i regi av KNIF, ei administrativ samanslutning for Kristen-Noreg, på Scandic Oslo Airport Gardermoen. Adresse: Ravinevegen 15.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Fredag 28. april

Kl. 09.15: Statsministeren taler på IKT Norges konferanse «NEO 2017 - Norges nye næringsliv» på Posthallen i Oslo. Adresse: Prinsensgate 8, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.