Statsministerens program veke 17

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 24. april
Kl. 17.30: Statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim har digitalt møte og svarer på spørsmål frå delegatane på landsmøtet til Norsk studentorganisasjon (NSO). Sendinga kan følgjast på NSO sine nettsider student.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Måndag 26. april
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland tek imot ti råd frå Ungdommens distriktspanel. Overleveringa skjer på ein digital pressekonferanse. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no. Pressekontakt for distrikts- og digitaliseringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, telefon 95 87 05 41, e-post ingvild.sahl@kmd.dep.no.

Kl. 12.00: Statsministeren gjer greie for Koronakommisjonens rapport i Stortinget. Ho vil vere tilgjengeleg for presse i Vandrehallen etter utgreiinga.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Onsdag 28. april
Kl. 11.05: Statsministeren deltek på IKT-Norges digitale årskonferanse, der ho skal vere med i ein samtale om korleis IKT-industrien og staten saman skal løfte Noreg. Konferansen kan følgjast direkte.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 30. april
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på eit digitalt møte med Studentersamfundet i Trondheim. Møtet blir overført på YouTube og Facebook-sida til Studentersamfundet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Kl. 12.35: Leiar av ekspertgruppa for psykisk helse og rusbruk, Peder Kjøs, overleverer rapporten frå ekspertgruppa til statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Overleveringa skjer på ein pressekonferanse på Statsministerens kontor.

Presse som ønskjer å vere til stades kan melde seg på til mo@smk.dep.no innan fredag 30. april kl. 09.00.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no. Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er Alexandra Reksten Tufteland, telefon: 98 63 51 15, e-post atu@hod.dep.no.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kvar redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ønskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK3004 i emnefeltet. Innsendingsfrist fredag klokka 12.00. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID. Munnbind er obligatorisk i Glacisgata. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hjå vaktene i resepsjonen. Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>