Historisk arkiv

Statsministerens program veke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel opnar denne veka Hydros nye fabrikk i Grevenbroich ved Düsseldorf i Tyskland. Fabrikken produserer aluminium til bilindustrien.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 2. mai
Statsminister Erna Solberg besøkjer Kvinnerad kommune.

Kl. 10.25: Statsministeren besøkjer Hellesøy verft på Løfallstrand.

Kl. 11.00: Statsministeren deltek i ein lunsj på Baroniet i Rosendal i samband med opninga av Folgefonnsenteret.

Kl. 12.30: Statsministeren står for den offisielle opninga av det nye Folgefonnsenteret i Rosendal.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Hydro på Husnes, der ho blant anna får ei omvising i produksjonen og møter dei tilsette. 

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek på eit møte i Bergen/Hordaland Høyre, på Lysverket i Bergen.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Onsdag 3. mai
Kl. 09.30: Statsministeren deltek på OPPTUR-dagen i regi av DNT på Svarttjern i Oslo.

Adresse: Odvar Solbergsvei 116. Sjå fleire detaljar om OPPTUR på nettsida til DNT.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Torsdag 4. mai
Kl. 11.20: Statsminister Erna Solberg og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel opnar Hydros nye fabrikk i Grevenbroich ved Düsseldorf i Tyskland. Fabrikken produserer aluminium til bilindustrien. Rett i etterkant av opninga har statsministeren eit bilateralt møte med Angela Merkel.

Presse må akkreditera seg til Hydro innan 2. mai kl. 12.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Om ettermiddagen er statsministeren i Brussel for EU- og NATO-møte. Tema for møta er mellom anna europeisk samarbeid og sikkerheitspolitikk.

Kl. 14.30: Statsministeren møter EUs kommisjonspresident Jean-Claude Juncker saman med EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Møtet finn stad i Belaymont. Det vert eit kort pressemøtet etterpå.

Kl. 16.00: Solberg og Bakke-Jensen møter EUs rådspresident Donald Tusk. Møtet finn stad i Europa-bygget. Det vert eit kort pressemøte ved avslutninga av møtet.

Kl. 17.30: Møte i NATOs hovudkvarter mellom statsminister Erna Solberg og generalsekretær Jens Stoltenberg. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Solberg og Stoltenberg er tilgjengelege for presse etter møtet.

Pressefolk må ha akkreditering til både EU og NATO. Presse som ønskjer å dekke møta må sende e-post til smkinfo@smk.dep.no.

Pressekontaktar i Brussel er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 5. mai
Kl. 12.15: Statsministeren og helse- og omsorgsministeren får orientering om etter- og vidareutdanning for leiarar i eldreomsorga og møter studentar på BI Nydalen.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Laurdag 6. mai
Statsministeren deltek på Strandryddedagen 2017. Statsministeren og klima- og miljøminister Vidar Helgesen skal vera med på strandrydding på Langåra utanfor Sandvika. For vidare detaljar og av omsyn til båtkapasiteten ber me om at presse som ønskjer å delta akkrediterer seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 4. mai kl. 12.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Onsdag 10. mai
Kong Harald og dronning Sonja fyller begge 80 år i 2017. I samband med 80-årsdagane vil det vere fleire arrangement i Oslo 9. og 10. mai. Frist for akkreditering er 3. mai kl. 12.00.

Sjå eiga pressemelding for akkrediteringsinformasjon for presse.

Akkreditering til NATO-møte 25. mai
Statsminister Erna Solberg deltek på NATO-møte i Brussel 25. mai, saman med stats- og regjeringssjefar frå alliansen. Presse som ønskjer å dekke møtet, må akkreditere seg innan 11. mai kl. 18.00. Akkreditering på denne sida