Historisk arkiv

Statsministerens program veke 27

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 2. og tysdag 3. juli
Statsminister Erna Solberg reiser på offisielt besøk til Serbia og Kroatia. Der skal ho delta i bilaterale møte med statsminister og president i begge land, i tillegg til feltbesøk. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, epost mak@smk.dep.no.

Onsdag 4. juli
Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Kongsberg, der ho deltek på eit seminar om plast i havet. På seminaret vil det bli annonsert eit offentleg-privat samarbeid med Kongsberg Gruppen, Havforskningsinstituttet, Rederiforbundet og Klaveness for kartlegging av plast i havet.

Seminaret går føre seg på Magazinet, Chr. Augusts gate 1.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post arvid.samland@smk.dep.no.

Fredag 6. juli
Statsminister Erna Solberg er i Paris. Solberg deltek i ein rundebordskonferanse om klimafinansiering saman med leiarane for viktige internasjonale pensjonsfond, mellom anna Statens pensjonsfond utland (SPU). Erna Solberg skal også ha bilateralt møte med Frankrikes president Emmanuel Macron.

Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no med kopi av pass innan tysdag 3. juli kl. 15.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post anne.nordskog@smk.dep.no.