Statsministerens program veke 32

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 8. august
Kl. 11.30: Statsminister Erna Solberg og landbruks- og matminister Jon Georg Dale møter bondeorganisasjonane og besøkjer eit gardsbruk på Kløfta. Presse kan følgje besøket frå kl. 12.00. Adresse: Nafstadveien 26, Kløfta.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no. Pressekontakt for landbruks- og matministeren er Heidi Eriksen Riise, telefon 975 17 227, e-post heidi-eriksen.riise@lmd.dep.no.

Torsdag 9. august
Kl. 20.00: Statsministeren besøkjer Øya-festivalen i Tøyenparken i Oslo, der ho møter arrangørar, frivillige, hjelpekorps og miljøorganisasjonar som medverkar på festivalen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no.

Søndag 12. august
Kl. 16.30: Statsministeren deltek ved utdelinga av 14. augustkomiteens Brobryggerpris i samband med feiringa av Pakistans nasjonaldag. Stad: Radisson Blu Alna Hotel i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Til toppen