Statsministerens program veke 33

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 10. august
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg deltek på opninga av IKT-Norge sitt webinar om digitalisering under koronapandemien. Sjå fleire detaljar på nettsida til IKT-Norge.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post [email protected].

Kl. 18.00: Statsministeren deltek på minnemarkeringa etter terrorangrepet i Bærum 10. august 2019. Adresse: Al-Noor Islamic Centre, Ringeriksveien 202, Skui.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].

Onsdag 12. august
Kl. 08.30: Statsministeren deltek i digitalt frukostmøte i regi av Dagens Næringsliv på http://dn.no/uke33.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post [email protected].

Kl. 11.00: Statsministeren deltek i avdukinga av den første serieproduserte elektriske lastebilen i Noreg, i regi av DB Schenker. Adresse: Oslo City Hub, Filipstadvegen 5C, Oslo.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].

Kontakt for deltaking hos Schenker AS er kommunikasjonssjef Nils Petter Buer, telefon 91 31 55 13.

Kl. 11.45: Statsministeren deltek i Universitetet i Oslo sin direktesende podkast om kva slags kunnskap Noreg treng i framtida. Stad: Universitetsplassen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post [email protected].

Torsdag 13. august
Kl. 13.00: Statsministeren er til stades på presentasjonen av Arendalsveka si undersøking om befolkninga sin tillit til folkevalde, media og andre sentrale samfunnsinstitusjonar. Stad: Arendal kino, Friergangen 3.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post [email protected].

Kl. 21.20: Statsministeren deltek i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post [email protected]. 

Fredag 14. august

Kl. 11.10: Statsministeren besøkjer bedrifta Support Service Partner på Vear utanfor Tønsberg. Tema er gründer-politikk og korleis bedrifta har klart seg gjennom korona-tida. Adresse: Bjellandveien 24, 3172 Vear

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post [email protected].

Kl. 12.45: Statsministeren møter Hala Briman og Mohammad Kamal Al Shater som har fått moglegheit til å kjøpe eigen bustad gjennom startlånsordninga til Drammen kommune og Husbanken. Ta kontakt for meir informasjon dersom du ønskjer å følgje besøket.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post [email protected].