Statsministerens program veke 39

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 25. september
Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg opnar Verdens farmasøytdag 2017 på Sentralen i Oslo. Adresse: Øvre Slottsgate 3A.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 27. september
Kl. 10.00: Statsministeren opnar regjeringa sin nasjonale integreringskonferanse.

I tillegg til statsministeren deltek integreringsminister Sylvi Listhaug, kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og kunnskapsminister Henrik Asheim på konferansen.

Stad: Grand Hotel, Karl Johans gate 31 i Oslo. Sjå program og fleire detaljar på nettsida til konferansen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.