Statsministerens program veke 41

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna ved opninga av det 162. Storting.

Måndag 9. oktober
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg deltek ved opninga av det 162. Storting.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Kl. 17.00: Statsministeren møter Jared Cohen, sjefen i Googles tenketank Jigsaw, på Statsministerens kontor. Tema for samtalen vil blant anna vere Googles innsats for forebygging av terroristars bruk av internett.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 10. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Onsdag 11. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Torsdag 12. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget, i samband med at finansminister Siv Jensen legg fram statsbudsjettet for 2018.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Fredag 13. oktober
Kl. 08.30: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor. Temaet for møtet vil vere statsbudsjettet for 2018.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.00. Adresse: Glacisgata 1.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 10.00. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 09.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Laurdag 14. oktober
Kl. 19.30: Statsministeren er til stades på 25-årsjubileumkonserten til DDE i Oslo Spektrum.