Historisk arkiv

Statsministerens program veke 42

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 14. oktober
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg deltek på opninga av det nyrenoverte Universitetsmuseet i Bergen. Opningsarrangementet går føre seg ute på Muséplassen 3. Om lag kl. 10.40 er statsministeren med på ei omvising i museet. Presse vil ha anledning til å delta på denne omvisinga.

Kl. 11.40: Statsministeren besøkjer Bergen Røde Kors Sykehjem, der ho får ei orientering om drifta. Adresse: Ellerhusensvei 35, Bergen.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Brattholmen skule på Sotra, der ho får presentert eit undervisningsopplegg som handlar om samanslåinga til Nye Øygarden kommune. Adresse: Nygårdsvegen 1, Brattholmen.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Tysdag 15. oktober
Kl. 11.30: Statsminister Erna Solberg møter Tysklands forbundskanslar Angela Merkel til politiske samtalar i Berlin. Bilaterale og internasjonale saker står på dagsorden. Akkreditering innan måndag 14. oktober kl. 14.00. Kontakt Anne Kristin Hjukse for detaljar. Stad: Kanzleramt, Willy-Brandt-Straße 1.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 14.20: Statsministeren besøkjer ein skule som har eit samarbeidsprosjekt med Bokmessa i Frankfurt og Bundesligaklubben Eintracht Frankfurt. I prosjektet blir barn og unges fotballinteresse brukt som motivasjon til å bli betre i faga tysk og lesing. Eldsjela bak prosjektet og tidlegare Eintracht Frankfurt-spelar Jan Åge Fjørtoft deltek også på besøket.
Adresse: Karmeliterschule, Moselstrasse 11, 60329 Frankfurt am Main, Tyskland.

Kl. 17.00: Statsministeren, kulturministeren og kronprinsparet deltek på opninga av den internasjonale bokmessa i Frankfurt. Noreg er gjesteland på årets messe, og meir enn 100 norske forfatterar er venta til Frankfurt. Statsministeren held opningstala for bokmessa, og deltek på fleire arrangement. Meir informasjon om Noreg som gjesteland på bokmessa i Frankfurt 2019 (Utanriksdepartementet).

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Torsdag 17. oktober
Kl. 20.00: Statsministeren deltek på H. M. Kongens middag for stortingsrepresentantane, på Slottet.

Fredag 18. oktober
Kl. 09.00: Statsministeren taler på opninga av jubileumskonferansen til ADHD Norge. Adresse: Radisson Blu Plaza Hotel, Sonja Henies plass 3, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, epost ksg@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Moderaternas landsmøte i Västerås. Adresse: Aros Congress Center, Munkgatan 7, Vësterås, Sverige.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.