Historisk arkiv

Statsministerens program veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg er denne veka mellom anna på ei rundreise i Sogn og Fjordane.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. 

Tysdag 7. november
Statsminister Erna Solberg besøkjer Sogn og Fjordane. 

Kl. 09.15: Statsministeren får ei orientering om ulike teknologiprosjekt i Sogn og Fjordane, på eit møte som går føre seg på passasjerbåten Øyservice som ligg til kai i Florø sentrum. Planane for ein hurtiggåande passasjerbåt med hydrogendrift vil bli presenterte på møtet, i tillegg til teknologi for bølgekraft om bord på skip.

Kl. 11.15: Statsministeren besøkjer Brødrene Aa skipsverft i Hyen, der ho blant anna får sett på bygginga av den elektriske passasjerbåten Future of the Fjords. Adresse: Hyevegen 1763.

Kl. 13.05: Besøk til Firda vidaregåande skule i Sandane, der statsministeren deltek i «spørjetime» med elevane. Adresse: Firdavegen 21.

Kl. 14.30: Statsministeren stoppar på fergekaien på Anda, der ho får ei orientering om overgangen til elektrisk drift på fergesambandet Anda-Lote frå 1. januar. Dette er den første fergestrekninga i Noreg som går over til heilelektrisk drift. Orienteringa held fram på fergeturen til Lote.

Kl. 15.05: Besøk til Eid Elektro på Nordfjordeid. Adresse: Øyane 12, Nordfjordeid.

Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer Nordfjord Psykiatrisenter ved Nordfjord sjukehus, der ho mellom anna får ei orientering om korleis sjukehuset samarbeidet med NAV om å få personar som slit med rus eller psykiske lidingar ut i arbeid. Adresse: Sjukehusvegen 9.

Kl. 16.25: Statsministeren besøkjer bygginga av Myklebustskipet i sentrum av Nordfjordeid.

Det er mogleg for presse å delta på heile programmet. Pressekontakt er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 8. november

Kl. 12.15: Statsministeren møter Julia Gillard frå Global Partnership for Education til samtale på Statsministerens kontor.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 11.55. Ta med gyldig pressekort og id.

Etter møtet, om lag kl. 12.35, er Solberg og Gillard kort tilgjengelege for presse. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 12.15. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266.

Torsdag 9. november
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på markeringa av Krystallnatta og går i fakkeltog frå Youngstorget til Nathionaltheatret i Oslo. Statsministeren taler på trappa framom Nationaltheatret. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 10. november
Kl. 08.15: Statsminister Erna Solberg og klima- og miljøminister Vidar Helgesen møter Californias guvernør Jerry Brown til frukostmøte i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. 

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.55. Ta med gyldig pressekort og id.

Etter møtet, om lag kl. 09.00, er møtedeltakarane kort tilgjengelege for presse. Oppmøte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.40.

Pressekontaktar for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987 og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266.

Kl. 13.30: Statsminister Erna Solberg, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og næringsminister Monica Mæland deltek i mottakseremonien for dei første F-35 kampflya som er komen til Noreg, på Ørland flystasjon. Hans Majestet Kong Harald vil óg vere til stades.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.