Priv. til red.:

Statsministerens program veke 46

Statsminister Erna Solberg besøkjer mellom anna Bergen, Os og Fjell i Hordaland denne veka.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. 

Tysdag 12. november
Statsminister Erna Solberg besøkjer Bergen, Os og Fjell i Hordaland. Hovudtema for besøket er ”Eit sterkare sosialt sikkerheitsnett”, ei av satsingane i Sundvolden-plattforma.

Kl. 10.30: Statsministeren deltek under den tradisjonelle julegranhogginga i Bergen kommune. Stad: Sædalen Barnehage, Sædalssvingen 6, Bergen. 

Kl. 12.00: Statsministeren besøkjer Os ASVO, ei bedrift som driv med tilrettelagt arbeid. Stad: Holtbrekka 7, Os.

Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer ”Dagsverket”, eit arbeidstilbod for rusmisbrukarar og ”Møllaren” som tilbyr tilrettelagt arbeid. Stad: ALF as, Senter for arbeidslivsforberedelser, Øvregaten 37, Bergen. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i etterkant av besøket.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer ”Muligheten” i Fjell kommune, eit tilbod til personar som mottek sosialstønad. Sted: Blombakkane 17, Straume (Røde Kors huset).

Kl. 18.15: Statsministeren deltek på eit møte i regi av Hordaland Høyre. Sted: Clarion Bergen Airport hotell. 

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Fredag 15. november
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg møter Bill Gates frå Bill and Melinda Gates Foundation, på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet, og det blir eit kort pressemøte etter samtalane. 

Presse som ønskjer å delta må akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 14. november klokka 12. Me ber alle om å ta med pressekort og legitimasjon.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek under Bergen Næringsråds årsmiddag.