Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren skal denne veka mellom anna møte Frankrikes president François Hollande i Paris.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 3. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer Paris. Ho skal mellom anna møte Frankrikes president François Hollande i Elyséepalasset. Europeisk økonomi, reformer, kunnskap og konkurransekraft vil vere viktige tema i møtet. Dei to vil òg drøfte aktuelle EU- og EØS-saker, energi- og klimaspørsmål og andre internasjonale og regionale saker. Statsministeren skal òg møte OECDs generalsekretær Angel Gurría, representantar frå norsk næringsliv og norske studentar i Paris.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Tysdag 4. februar
Statsministeren besøkjer Flatanger kommune etter brannen. Ho vil møte leiinga i kommunen, redningsmannskapar og råka innbyggjarar i tettstadene Hasvåg og Småværet. Statsministeren vil mellom anna diskutere utfordringane lokalsamfunnet i Flatanger står overfor i tida framover.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på Lerchendalkonferansen i Trondheim. Stad: Rica Nidelven Hotel i Trondheim.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 18.40: Statsministeren deltek på eit møte i Sør-Trøndelag Høyre. Stad: Britannia Hotel i Trondheim.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Onsdag 5. februar
Kl. 09.30: Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen besøkjer bedrifta HTS Maskinteknikk i Drammen. Hovudtema for besøket vil vera korleis regjeringa kan bidra til å løfte norsk næringslivs konkurransekraft, slik at det vert skapt fleire trygge arbeidsplassar og at finansieringa av velferdsordningane vert sterkare.

Adresse: Ingeniør Rybergs gate 97, Drammen.

Pressekontaktar for statsministeren er statsekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458. Pressekontakt for finansministeren er statssekretær Ole Berget, telefon 473 53 709.

Kl. 17.15: Statsminister Erna Solberg og kulturminister Thorhild Widvey møter Den norske Helsingforskomité, Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner, Amnesty, Menneskerettighetshuset, Bellona, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom på Statsministerens kontor. Tema for møtet er menneskerettssituasjonen i Russland.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet, med oppmøte for fotografar kl. 16.50. Etter møtet, om lag kl. 18, er møtedeltakarane tilgjengelige for pressa. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 17.45.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. Pressekontakt for kulturministeren er kommunikasjonssjef Hanne Gjørtz, telefon 957 55 213.

Fredag 7. februar
Kl. 12.15: Statsministeren og utanriksminister Børge Brende møter frivillige organisasjonar for å drøfte arbeidet for å kome fram til eit nytt sett utviklingsmål, etter at FNs tusenårsmål går ut i 2015.

Statsministeren er ein av leiarane for ei pådrivargruppe for å nå tusenårsmåla for reduksjon av fattigdom (MDG Advocacy Group).

Statsministeren og utanriksministeren er tilgjengeleg for presse ved starten av møtet. Stad: Utanriksdepartementet.

For meir informasjon og påmelding, kontakt kommunikasjonssjef Astrid Versto:  asve@mfa.no.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Astrid Versto, telefon 901 92 920.