Historisk arkiv

Statsministerens program veke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på den sikkerheitspolitiske konferansen i München saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 12. februar
Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg held eit innlegg på konferansen Lifelong Learning Summit i regi av Høgskolen i Innlandet og International Council for Open and Distance Education (ICDE).

Adresse: Scandic Lillehammer Hotel, Turisthotellvegen 6, Lillehammer.

Kl. 11.10: Statsministeren og kultur- og likestillingsministeren besøkjer kreative aktørar på Lillehammer: LIMPI - Lillehammer Institute of Music Production and Industries, The LIPP og Filmbanken. Adresse: Kirkegata 68, Lillehammer.

Kl. 13.30: Statsministeren deltek på ein skuletime ved Ajer ungdomsskole på Hamar i regi av Kripos. Tema er kampanjen «Delbart?» som handlar om å førebyggje deling av seksualiserte bilete og videoar. Adresse: Ringgata 223, Hamar.

Kl. 14.45: Statsministeren besøkjer Innlandet politidistrikt på Hamar, der ho får ei oppdatering om status i arbeidet med nærpolitireforma. Adresse: Vangsvegen 155, Hamar.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sis@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Pressekontakt for kulturministeren er kommunikasjonssjef Marius Bakke, telefon 40 23 50 97, e-post marius.bakke@kud.dep.no.

Onsdag 13. februar
Kl. 10.00: Statsministeren taler på opninga av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) sin integreringskonferanse. Stad: Quality Airport Hotel, Gardermoen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post ano@smk.dep.no.

Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning. Statsministeren ønskjer innspel til korleis universiteta, høgskolane og næringslivet kan samarbeide betre.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen er også til stades på toppmøtet, som går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Pressa blir invitert til å vere til stades under opninga og høyre innlegga frå kl. 13.00. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Statsministeren og andre deltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 15.00. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl.14.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgiver Marita I. Wangberg, e-post miw@smk.dep.no, telefon 905 12 319.

Torsdag 14. februar
Kl. 18.00: Statsministeren er til stades i Noregs Bank når sentralbanksjefen held sin årstale.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.

Fredag 15. februar og laurdag 16. februar
Statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen deltek på den sikkerheitspolitiske konferansen i München.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.