Historisk arkiv

Statsministerens program veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 24. februar

Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg møter Ghanas president Nana Akufo-Addo. Tema for møtet er mellom anna deira felles oppgåve med å leie FNs pådrivargruppe for berekraftmåla. Dei skal også diskutere styrking av næringslivssamarbeidet mellom Noreg og Ghana, mattryggleik og forvaltning av havet.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB scanpix, NRK TV og TV2. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.40. Ta med gyldig pressekort og id.

Om lag klokka 13.00 har Solberg og Akufo-Addo ein felles pressekonferanse. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.40. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Tysdag 25. og onsdag 26. februar

Statsministeren besøkjer Longyearbyen på Svalbard, saman med representantar frå FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla. Statsministeren leier denne gruppa saman med Ghanas president.

Frøkvelvet på Svalbard er verdas største lager for trygg og sikker langtidslagring av frø. Lageret skal sikre matforsyninga for framtidige generasjonar, og 25. februar skjer den største deponeringa av frø sidan opninga av lageret i 2008. 26. februar skal statsministeren delta på ein båttur som kjem til å handle om klimaendringane.

Akkrediteringsfristen er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Laurdag 29. februar

Kl.10.30: Statsministeren er til stades på VM i skøyter, i Vikingskipet på Hamar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Søndag 1. mars

Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Presse kan vere til stades når statsministeren taler, om lag kl. 14.00. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter talen.

Stad: Høyres Hus, Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.